Har du ei uro for eit barn - og treng råd?

Er du uroa for eit barn eller ein person med utviklingshemming? Konsultasjonsteamet er eit tilbod der du kan få råd og rettleiing dersom du går med ei uro.

Kva kan du få hjelp til?

Du kan ta kontakt dersom du er uroa for om eit barn eller ein person med utviklingshemming:

  • kan vera utsett for seksuelle overgrep
  • opplever fysisk eller psykisk vald
  • er vitne til vald i heimen

Kven er tilbodet for?

Tilbodet er for alle som er uroa i Voss herad og Ulvik herad, til dømes:

  • tilsette i barnehage, skule eller helse- og omsorgstenester
  • andre fagpersonar
  • privatpersonar

Kva slags hjelp får du?

Du kan drøfta saka anonymt og få:

  • hjelp til å sortera uroa
  • rettleiing i kva du kan gjera vidare
  • råd frå fleire fagmiljø samstundes

Kven møter du?

Du snakkar med fagpersonar frå fleire tenester, mellom anna:

  • kommunehelsetenesta
  • barneverntenesta
  • pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
  • BUP
  • tannhelsetenesta
  • politiet

Desse samarbeidar i eit tverrfagleg konsultasjonsteam.

Ta kontakt

Ynskjer du å drøfta ei uro, ta direkte kontakt med ein av oss:

Kitty Prestegard
Barneverntenesta
Telefon: 480 14 559
E-post: Kitty.Prestegard@voss.herad.no
 

Sveinung Hellesen Nygård
Kommunepsykolog
Telefon: 477 62 892
E-post: Sveinung.H.Nygard@voss.herad.no

Om konsultasjonsteamet

Konsultasjonsteamet er eit rettleiande organ som er samansett av erfarne fagfolk frå ulike etatar i Voss herad. 

Teamet har faste møte siste torsdag i månaden, og kan setja opp ekstra møte ved behov.