Helsestasjon 0 - 5 år

Alle barn i alderen 0-5 år har rett på regelmessige helsekontrollar på helsestasjonen. Tilbodet i helsestasjonen 0-5 år er eit standardisert program med 14 konsultasjonar, inkludert heimebesøk til nyfødte. 

På helsestasjonen møter du jordmor, helsesjukepleiar, lege og fysioterapeut. Me vil gje målretta helseundersøking, vaksinasjon, helseopplysning, foreldrerettleiing individuelt og i gruppe.

Målet med helsestasjonsprogrammet er å bidra til godt sampel mellom foreldre og barn, og at foreldre opplever meistring i foreldrerolla, fremja fysisk, psykisk og sosial utvikling hjå sped-og småbarn.

Barnevaksinasjonsprogrammet finn du her: FHI - vaksiner til barn

Ynskjer du meir informasjon, sjå lenkje under:

Nasjonal rettleiar for helsestasjon og skulehelseteneste

 

Opningstider ved helsestasjonen:

  • Helsestasjonen er open alle kvardagar i tida 8:30 - 15:00.
  • Telefonen er bemanna alle kvardagar  09:00- 11:15 og 12:15 - 14:30
  • Onsdag, klokka 8.30-14.30: Spedbarnsundersøkingar ved helsesjukepleiar/lege. Ta med stelleteppe.
  • Torsdag, Klokka 8.30-14.30: Småbarnsundersøkingar og 1. klassekonsultasjonar ved helsesjukepleiar/lege.

Det er ikkje helsesjukepleiar til stades utanom avtale på helsestasjonen. Dersom ein ynskjer samtale med helsesjukepleiar må ein ringa og avtala tid på førehand.

Adresse

Jordmor treff du på Knutepunktet Voss, 

Voss helsestasjon og skulehelseteneste

Gurid Almenningens plass 1

5700 Voss

Telefon: 56 53 30 40

E-post: postmottak.helsestasjon@voss.herad.no

NB! ikkje oppgje personleg informasjon i eposten, be heller om at me tek kontakt.