LogopediLogopedtenesta hjå PPT Voss gjev tilbod til kommunane Vaksdal og Voss. Me sel også tenester til Voss sjukehus. Sist endra 19.08.2025 09.11 For å søkja logopedhjelp kan du ta kontakt med barnehage, skule, PPT eller lågterskel logopedi. Vaksne kan få tilvising frå lege/sjukehus eller ein kan bruka skjemaet som ligg på sida vår. Vaksne med stemmevanskar må ha ei tilvising frå Øyre-nase-hals-lege. Områda logopeditenesta arbeider med er:SpråklydsvanskarTaleflytvanskarStemmevanskarAfasi/dysartri/dysfagiNevrologiske tilstandar Lågterskel logopedtilbod Lågterskeltilbod Stad: Knutepunktet Voss, Gurid Almenningens plass 1, 5700 Voss. PPT og helsestasjon har felles venterom i 3. høgda.Lågterskeltilbod for logopedhjelp kan du venda deg til direkte, utan tilvising. Her skal ein kunna få råd, rettleiing og eventuelt noko direkte treningshjelp. Tilbodet gjeld primært for barn og unge i barnehage og grunnskulealder. Infoskriv om lågterskeltilbod, PPT Voss (PDF, 104 kB)Døme på aktuelle saker - logopedi (PDF, 102 kB)Send oss ein Førespurnad om lågterskeltilbod hjå logoped Velkomen til lågterskel logopedi (PDF, 101 kB) Logopedhjelp for vaksne Her søkjer du om logopedhjelp for vaksne Infoskriv om lågterskeltilbod (PDF, 104 kB)