Meistringsteamet

Målgruppa for bistand frå Meistringsteamet er barn i grunnskulealder, konsentrert til å gjelde barn frå 4.til 7.klasse på  skulane i Voss herad.

Fokuset for arbeidet er ein betre tilpassa skulekvardag for barn som strevar med psykososiale utfordringar. Meistringsteamet skal ha høve til å arbeida på fleire arenaer når dette er formålstenleg.

Tilvisning av saker kjem frå skulen og  skal vera drøfta med føresette i forkant.

Meistringsteamet kan arbeida både med enkeltelevar som strevar med psykososiale utfordringar, og med klassar/grupper med psykososiale utfordringar.

I enkeltsaker vert føresette kontakta og invitert til ein samtale med meistringsteamet. Ved arbeid i klassar/grupper vil meistringsteamet gje ut informasjon om arbeidet i klassen og formidla kontaktinformasjon til føresette.

Meistringsteamet sitt arbeid er hovudsakleg retta mot endringsarbeid (i samarbeid med) hjå dei vaksne som er rundt barnet/barna i det daglege.

Meistringsteamet har høve til å samarbeidea tett med andre hjelpeinstansar i kommunen ved behov.

Det vert utarbeidd kontrakt for kvar tilmeldte sak og arbeidsoppgåvene til teamet skal tilpassast for kvar konkret sak og vil difor variera både i metode og i høve tidsperspektiv.

Adresse

Postadresse:

PPT Voss, Voss herad

Postboks 145

5701 Voss

 

Telefon: 56 51 47 80

Epost: post.ppt@voss.herad.no 

 

Besøksadresse:

Knutepunktet Voss

Gurid Almenningens plass 1

5704 Voss