SLTSLT er ei forkorting for «samordning av lokale førebyggjande tiltak» og er eit systematisk samarbeid på tvers av kommunale avdelingar og med andre instansar. Sist endra 04.10.2024 13.30 Gjennom felles målretta tiltak vert det arbeida førebyggjande for å redusera rusmiddelmisbruk og kriminalitet blant born og unge. Ordninga har til føremål å bruka eksisterande tiltak og ressursar mest mogleg effektivt og legg opp til eit nært og forpliktande samarbeid mellom einingane. I Voss herad er SLT organisert med ei koordineringsgruppe som møter kvarandre fast ein gong i månaden. Gruppa avdekkjer utfordringar i ungdomsmiljøet og set inn ressursar for målretta innsats. Faste og regelmessige møter er viktig for å ha ei felles oversikt over utfordringsbildet, ha kjennskap til tenestene som kan bidra til endring og samkøyra tiltak frå ulike tenester.Fylgjande er representert i SLT koordinerande gruppe på Voss: kultur og fritid ungdomsavdelinga, utekontakten, kommunepsykolog, skulehelsetenesta ved grunnskule og dei vidaregåande skulane, rådgjevar ved Voss gymnas, Voss VGS og Voss ungdomskule, barnevernstenesta, psykisk helse og rusarbeid, integreringstenesta, Voss Frivilligsentral, Politiet førebyggjande eining og NAV.Les meir om SLT-modellen her SLT-modellen - Konfliktrådet (konfliktraadet.no)