Ferie og fridagar
Barnehagen held stengt fylgjande dagar:
- Planleggingsdagar: seks dagar i året, sjå barnehage- og skuleruta for datoar.
- Sommar: Veke 29 og 30
- Jul: Frå julaftan til og med nyttårsaftan
- Påske: Onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagen kl. 12:00
Søk barnehageplass
Fristen for å søka er 1. mars. Hovudopptak skjer i perioden 2. mars til 2. mai.
Søk barnehageplass
Om barnehagen
Gjernes barnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Gjernes, i nærleiken av Voss sentrum. Næraste nabo til barnehagen er Gjernes skule og Gjernesmoen.
Totalt er det plass til 32 barn i Gjernes barnehage.
Plasstilbod
Barnehagen tilbyr 4- og 5-dagar plass.
Avdelingar
Barnehagen har to avdelingar:
- Småbarnsavdeling, Hare 1-3 år
- Storbarnsavdeling, Ekorn 3-6 år
Visjon
I Gjernes barnehage lærer borna gjennom erfaring og undring.
Ein av grunnsteinane i Gjernes barnehage er at alle barn skal bli sett og møtt på ein anerkjennande måte kvar dag. Me er opptekne av leik, utforsking og læring gjennom heile året, både i barnehagen og ute på tur. I sommarhalvåret går me gjerne på tur, helsar på dyr på beite, endene ved Tintrabrua eller plukkar bær. Om vinteren sklir me på akebrett eller går på ski. Borna skal oppleva trygge omsorgspersonar som legg til rette for meistring og utforskarlyst.
Her finn du oss