Opningstid: 07:00 - 16:30
Ferie og fridagar
Barnehagen held stengt fylgjande dagar:
- Planleggingsdagar: seks dagar i året, sjå barnehage- og skuleruta for datoar
- Sommar: Veke 29 og 30
- Jul: Frå julaftan til og med nyttårsaftan
- Påske: Onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagen kl. 12:00
Søk barnehageplass
Fristen for å søka er 1. mars. Hovudopptak skjer i perioden 2. mars til 2. mai.
Søk barnehageplass
Om barnehagen
Kløve barnehage er ein kommunal barnehage som ligg i landlege omgjevnader på Kløve, om lag 9 km frå Voss sentrum. Naturen er ein del av kvardagen vår, og ein viktig del av det pedagogiske arbeidet.
Plasstilbod
Barnehagen tilbyr 4- og 5-dagar plass.
Avdelingar
Me er per i dag ein liten og oversiktleg barnehage, med to grupper:
- Ein småbarnsavdeling, Veslefrikk 1-3 år
- To storbarnsavdelingar, Askeladden 3-5 år
Den nære ramma gir trygge relasjonar, tett vaksenkontakt og eit godt fellesskap.
Visjon
Ein trygg og god stad å vera og å læra.
Me er mykje ute heile året. I nærområdet har me eigen skog med gapahuk og lavvo, som gir gode moglegheiter for leik, utforsking og læring. Her får borna oppleva årstidene, utvikla motorikk og læra å ta vare på naturen rundt seg.
Me har òg snikkarbu og kjøkkenhage, som vert nytta gjennom året. Gjennom praktiske aktivitetar får borna erfara skaparglede, samarbeid og forståing for miljø og berekraft i kvardagen.
Her finn du oss