Sundve FUS barnehage er ein privat barnehage, som ligg i nærleiken av Vossestrand barne- og ungdomsskule, om lag to mil frå Voss sentrum. Barnehagen er delt i tre avdelingar "Smaohamrane" (0-1 år), "Trekanten" (2-3 år) og "Sandhaugen" (4-6 år), totalt er det plass til 75 barn i barnehagen.
Me går ofte på tur i skogen med sekk og niste. Barnehagen nyttar også fotballbanen i nærleiken eller er på fjosbesøk for å sjå på dyra. Delar av året er det mykje snø, då nyttar me ofte bakkane utanfor gjerdet til å gå på- eller hoppa på ski. Kanskje barnet dykkar er den neste Sjur Røthe eller Kari Traa?
Opningstid Sundve FUS barnehage