Tueteigen barnehage

Visjon - i Tueteigen barnehage skal alle born oppleva å ha eit trygt og godt barnehagemiljø.

Tueteigen er ein kommunal barnehage som ligg i Granvin. Barnehagen har fire avdelingar, "Kjellaren", "Midten", "Toppen" og "Fjell". Totalt er det 72 plassar i barnehagen. Me er i oppstartfasen av å bygga ny barnehage i sentrum av Granvin.

I Tueteigen barnehage er me opptekne av å gje borna eit godt omsorgs- og læringsmiljø prega av leik og gode relasjonar. Borna skal oppleva trygge vaksne som er til stades og støttar borna si utforsking, og som rettleiar og støttar born ved behov. Barnehagen skal vera ein trygg, utforskande og kjekk stad som borna gler seg til kvar dag.

I Tueteigen har barna eit stort og godt uteområde der dei kan boltre seg, samstundes som me legg vekt på å vera ute på tur i nærområde til barnehagen.

Opningstid Tueteigen barnehage

Opningstid Tueteigen barnehage
Opningstid Ferie Plasstilbod
7:00 - 16:30 Barnehagen held stengt veke 29 og 30, jul- og nyttårsaftan, samt seks planleggingsdagar i løpet av året. Barnehagen tilbyr 4- og 5-dagar plass

Kontakt

Anna Caroline Varenius
Styrar
E-post
Telefon 48 01 45 76

Adresse

Tueteigen 9

5736 Granvin

Telefon:

Avd. Toppen: 481 62 247 

Avd. Midten: 407 28 526

Avd. Kjellaren: 407 28 514

Avd. Fjell: 407 28 384