Barnehagemynde - rettleiing, tilsyn og godkjenning

Heradet si rolle som lokal barnehagemynde er heimla i barnehagelova med forskrifter. Som barnehagemynde skal heradet sjå til at alle barnehagane i heradet, private og kommunale, vert drivne i tråd med lover og forskrifter.

Du kan lesa meir om kommunen si rolle som barnehagemynde her:

Barnehagemynde

Barnehagemynde skal rettleia og føra tilsyn med alle barnehagane i heradet for å sikra at dei vert drivne i samsvar med regelverket.

Voss herad har utarbeida ein plan for stadleg tilsyn i barnehagane. Det er formelle rutinar for korleis eit tilsyn skal gå føre seg, korleis det skal gjennomførast og korleis heradet skal gje tilbakemelding etter eit tilsyn. Ved varsla tilsyn får barnehageeigar skriftleg melding om tilsyn, og ein tilsynsrapport i etterkant av tilsynet. Dersom det vert registrert avvik ved tilsynet vil barnehageeigar få skriftleg varsel med pålegg om retting. Eit slikt varsel skal alltid ha ein frist for retting og tilbakemelding for barnehageeigar.

Tilsynsrolla inneber ei kontinuerleg og systematisk innhenting av informasjon frå barnehagane. Informasjon vert innhenta for å sikra tilstrekkeleg kunnskap om barnehagane, og vert nytta som bakgrunn i ei risikovurdering av kva barnehagar som ev. har behov for rettleiing og/eller tilsyn i tillegg til dei planlagde tilsyna.

I tillegg til rettleiing og tilsyn med barnehagane ligg følgjande oppgåver til barnehagemynde: godkjenning av barnehagar, søknadar om dispensasjon frå utdanningskravet, samordna opptak, inntektsgradert foreldrebetaling, vedtak om styrkingstiltak til enkeltbarn og vedtak om kommunalt tilskot til private barnehagar.

Heradet skal likebehandla private og kommunale barnehagar når den utfører oppgåver som barnehagemynde. Oppgåvene heradet har som barnehagemynde skal difor vera avskilt frå oppgåvene heradet har som barnehageeigar.

Klage på barnehagetilbodet

Som forelder i barnehage bør du alltid fyrst ta opp uro eller det du er misnøgd med, med styrar eller barnehageeigar. Saker som vert omfatta av barnehagelova, og som ein ikkje klarar å løysa, kan rettast til barnehagemynde i heradet.

Kontakt

Har du spørsmål, kontakt oss på: