Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

IST Home

IST Home

IST-Home er ein digital kommunikasjonsarena mellom føresette og barnehage. Gjennom appen IST Home kan føresette registrere opphaldsplan for sitt born, og kan lettare halde kommunikasjon samla. 


«Dagleg dialog» er ein digital kommunikasjonsplattform for kommunikasjon mellom foreldre/føresette og barnehagen rundt det einskilde barn/barna. Foreldre/føresette må laste ned ein app som heiter, IST-Home.  Målet med ei digital løysing er at foreldre/føresette og barnehage skal få ein meir effektivt, sikrare og enklare måte å kommunisera på rundt sitt/sine barn.

I appen skal ein sende inn opphaldsplan til det einskilde barnet, gje beskjed om planlagde feriar, dersom barnet skal ha fri ein dag eller om barnet er sjuk og må vere heime. Gjennom appen kan barnehagen gje ut informasjon til  foreldre/føresette. Det kan til dømes vera informasjon om «stengte dagar» i barnehagen, jf. barnehage og skuleruta.

Meir informasjon om IST Home finn du ved å trykke her