Plan for overgang

Overgang mellom barnehage og barneskule, og mellom barneskule og ungdomsskule.

Formål

Målet med planen er å sikre gode og trygge overgangar frå barnehage - barneskule, og frå barneskule – ungdomsskule. Der det er ein raud tråd gjennom heile opplæringsløpet for barna i Voss herad.

Informasjon til foreldre: 

Viktige moment i planen

  • Planen er meint som eit arbeidsverktøy for dei tilsette i barnehagane og skulane. Eit mål med planen er å sikre gode overgangar, som gjev barna glede og lyst til å ta til på neste del av utdanninga si.  Den skal også vere til hjelp for å skape ein raud tråd gjennom heile opplæringa, frå barnehagen- og ut ungdomsskulen.
  • Kva har me lært og kva skal me læra. I planen er det også gjort greie for fagområde og opplæringsområde på dei ulike trinna. Ved å gje dei tilsette meir informasjon om kvarande sitt arbeid og kva erfaringar barna har med seg, håpar ein å skape betre kontinuitet i opplæringa, der forventningane til barna og deira kunnskap ikkje får for høge hopp.
  • Innskriving 1. klasse. I november får foreldre brev med informasjon om innskriving i 1. klasse. Frist for skuleinnmelding til 1. klasse er 15.  desember
  • Besøksdagar. Siste veka i mai. For barnehage til barneskule, føl foreldra barna.
  • Fadder, grenseobjekt og overgangsprosjekt. I overgangen frå barnehage – barneskule og barneskule – ungdomsskule nyttar ein høvesvis grenseobjekt og overgangsprosjekt. Grenseobjekt er trygge og kjente element frå barnehagen som barna møter igjen når dei byrjar i 1. klasse. Dette kan vere songar, leikar spel eller liknande. Overgangsprosjekt er opplæring eller ein aktivitet som vert byrja i 7. klasse, og vert naturleg vidareført når barna byrjar i 8. klasse på ungdomsskulen.

 

Overføring av informasjon – kvifor er dette viktig?

Skulen som tek i mot barnet ditt ynskjer å vere best mogleg førebudd for å kunne gjere overgangen så god som mogleg. Ved å få informasjon kan skulane betre gjera tilpassingar og tilretteleggingar som sikrar at barna får eit best mogleg opplæringstilbod. 

I overgang frå barnehage til barneskule har Voss herad 2 ulike skjema (med eventuelle vedlegg), som er standar for alle barn som skal byrja på skulen

  • Her er eg ! Dette er barna sitt eige skjema, der dei med teikningar og ord kan formidle noko til læraren som møter dei i 1. klasse.
  • Foreldre- og barnehageskjema Her får du som forelder i samarbeid med barnehagen fortelje om barnet. Deira sterke sider, kva dei likar og eventuelle utfordringar

I overgang frå barneskule til ungdomsskule, føl elevmappa barnet vidare til ungdomsskulen.

 

Skulestartartips, til foreldre

Har du eit barn som skal byrja i 1. klasse? Her er nokre tips til korleis du kan gjere overgangen frå barnehage til skule betre for barnet ditt.

  • Trygg, oppmod og gled deg saman med barnet ditt til skulestart
  • Hjelp barnet ditt til å bli sjølvstendig, til dømes med på- og avkleding og toalettbesøk
  • Reis på besøk på skuleplassen. Barnehagane og skulane legg til rette for at dei komande 1. klassingane får koma på besøk på skulen. For nokre barn kan det vere greitt å undersøke skuleplassen ein ekstra gang.
  • Øv på skulevegen. Sommarferien kan vere ei fin tid å øve seg på skulevegen, dette kan gjere at barnet vert tryggare og overgangen mindre skummel. Har de barn i nabolaget som også skal byrja i 1. klasse kan det vere fint å øve på skulevegen saman.
  • Les saman med barnet ditt. Å bli lest for stimulerer språkutviklinga, kreativiteten og fantasien til barna. Det er mykje god omsorg i det og bli lest for, det gjev også barna moglegheit til å øve på å halde merksemd og konsentrasjon. Bruk biblioteket, bøker, blad eller aviser de har heime.

 

Planen er gjeldande frå 15.8.2022