Plan for overgang

Overgang mellom barnehage og barneskule, og mellom barneskule og ungdomsskule.

Formål

Målet med planen er å sikra gode og trygge overgangar frå barnehage - barneskule, og frå barneskule – ungdomsskule. Det skal vera ein raud tråd gjennom heile opplæringsløpet for barna i Voss herad.

Informasjon til foreldre: 

  • Planen er meint som eit arbeidsverktøy for dei tilsette i barnehagane og skulane. Eit mål med planen er å sikra gode overgangar, som gjev barna glede og lyst til å ta til på neste del av utdanninga si.  Den skal også vera til hjelp for å skapa ein raud tråd gjennom heile opplæringa, frå barnehagen- og ut ungdomsskulen.
  • Kva har me lært og kva skal me læra? I planen er det også gjort greie for fagområde og opplæringsområde på dei ulike trinna. Ved å gje dei tilsette meir informasjon om kvarande sitt arbeid, og kva erfaringar barna har med seg, håpar ein å skapa betre kontinuitet i opplæringa, der forventningane til barna og deira kunnskap ikkje får for høge hopp.
  • Innskriving 1. klasse. I november får foreldre brev med informasjon om innskriving i 1. klasse. Frist for skuleinnmelding til 1. klasse er 15.  desember
  • Besøksdagar. Siste veka i mai. For barnehage til barneskule, føl foreldra barna.
  • Fadder, grenseobjekt og overgangsprosjekt. I overgangen frå barnehage – barneskule og barneskule – ungdomsskule nyttar ein høvesvis grenseobjekt og overgangsprosjekt. Grenseobjekt er trygge og kjente element frå barnehagen som barna møter igjen når dei byrjar i 1. klasse. Dette kan vere songar, leikar spel eller liknande. Overgangsprosjekt er opplæring eller ein aktivitet som vert byrja i 7. klasse, og vert naturleg vidareført når barna byrjar i 8. klasse på ungdomsskulen.

 

Overføring av informasjon – kvifor er dette viktig?

Skulen som tek i mot barnet ditt ynskjer å vera best mogleg førebudd for å kunne gjera overgangen så god som mogleg. Ved å få informasjon kan skulane betre gjera tilpassingar og tilretteleggingar som sikrar at barna får eit best mogleg opplæringstilbod.

I overgang frå barnehage til barneskule har Voss herad to ulike skjema (med eventuelle vedlegg), som er standard for alle barn som skal byrja på skulen.

Her er eg! Dette er barna sitt eige skjema, der dei med teikningar og ord kan formidla noko til læraren som møter dei i 1. klasse.
Foreldre- og barnehageskjema. Her får du som forelder i samarbeid med barnehagen fortelja om barnet, deira sterke sider, kva dei likar og eventuelle utfordringar.

I overgang frå barneskule til ungdomsskule, føl elevmappa barnet vidare til ungdomsskulen.

 

Skulestartartips til foreldre

Har du eit barn som skal byrja i 1. klasse? Her er nokre tips til korleis du kan gjera overgangen frå barnehage til skule betre for barnet ditt.

  • Trygg, oppmod og gled deg saman med barnet ditt til skulestart
  • Hjelp barnet ditt til å bli sjølvstendig, til dømes med på- og avkleding og toalettbesøk
  • Reis på besøk på skuleplassen. Barnehagane og skulane legg til rette for at dei komande 1. klassingane får koma på besøk på skulen. For nokre barn kan det vera greit å undersøkja skuleplassen ein ekstra gong.
  • Øv på skulevegen. Sommarferien kan vera ei fin tid å øva seg på skulevegen, dette kan gjera at barnet vert tryggare og overgangen mindre skummel. Har de barn i nabolaget som også skal byrja i 1. klasse, kan det vera fint å øva på skulevegen saman.
  • Les saman med barnet ditt. Å bli lest for stimulerer språkutviklinga, kreativiteten og fantasien til barna. Det er mykje god omsorg i det å bli lest for, det gjev også barna moglegheit til å øva på å halda merksemd og konsentrasjon. Bruk biblioteket, bøker, blad eller aviser de har heime.
     

Planen er gjeldande frå 15.8.2022