Permisjon frå pliktig opplæring

Kommunen kan etter søknad innvilga permisjon for inntil 10 dagar. 

I Opplæringslova §2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa står fylgjande: 
"Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. 

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trusamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan føgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute."

  • I Voss herad har Rådmannen gjeve rektor delegert mynde til å handsama søknadar om permisjon frå pliktig undervisning. Handsaminga vert praktisert slik: 
    • Permisjon til og med 2 dagar kan innvilgast av kontaktlærar. 
    • Permisjon frå og med 3 dagar til 2 veker vert handsama av rektor. 
    • Permisjon utover 2 veker fører til at eleven vert skriven ut frå skulen.
  • Det er føresette som skal søkja om permisjon for sitt barn. Ved delt omsorg eller foreldreansvar skal begge føresette skrive under på søknaden om permisjon.
  • Føresette er sjølve ansvarleg for at eleven får undervisning i permisjonstida. Føresette kan ikkje krevja at lærarar skal tilretteleggja for den undervining som eleven går glipp som fylgje av permisjonen. 
  • Dersom det vert søkt om permisjon for meir enn 2 veker samanhengande same skuleår, vert eleven skrive ut frå skulen. 
  • Fråvær grunna sjukdomsfråvær, time hjå doktor, tannlækjar eller liknande, skal ein nytta skulen sin meldingskanal.

 

Søk permisjon her