App til mobiltelefon. Nedlasting steg for steg:
1.Last ned Skooler Parent App frå Appstore Versjon 2.3
Eller frå Google Play
![](/handlers/bv.ashx/idee35f23-120b-4b50-9cae-f20ffd4b2758/w1200/q264/k4587787ef358/logo-google-play.png)
2. Vel ein av fylgjande måtar og logg deg på:
![Velg elektronisk ID: MinID, BankID, BankID på mobil, Buypass ID på smartkort, Buypass ID i mobil eller Commfides. - Klikk for stort bilete](/handlers/bv.ashx/i0d7e1f6b-05f8-44f5-9c8d-571e8dc68fbd/w1200/q265/k76cdd8271981/innlogging.png)
3) Skooler-meny:
- Når du klikkar på Meldingar kan du sende melding om fråvær og praktisk informasjon til skulen. Det er berre lærarane i eleven sin klasse som får meldingane og kan svara på dei.
Det skal ikkje sendast nokon form for sensitiv informasjon gjennom Skooler-appen.
- Under Planar vert det publisert vekeplanar/arbeidsplanar for eleven som føresette kan sjå.
- I Fråvær kan du sjå registrert fråvær for ditt barn
- IUP tyder individuelle utviklingsplan. Her kan du sjå resultat, vurderingar og merknader læraren legg inn som førebuing til utviklingssamtale.
Under ser du bilete av korleis menyen i sjølve app'en ser ut. Eleven sitt namn (m/bilete) vil kome opp øvst, med linjer til venstre. Desse linjene trykker du på for å få fram menyen.
![Oversikt over kva val eleven får opp i menyen: Dashbord, fråvær, oppgåver, IUP, meldingar, kalendar, planar, ressursar, bildegalleri, logg ut og endre språk. - Klikk for stort bilete](/handlers/bv.ashx/i9beb44b0-3921-4794-8278-13bb7e513431/w1200/q266/kd28b26be75ee/bilete-av-meny.png)