Voss ungdomsskule er ein rein ungdomsskule som ligg i sentrum av Vossevangen. Skulen har 557 elevar i skuleåret 2025-2026 og ca 100 tilsette. Skulen ligg vakkert til ved Vangsvatnet, med Prestegardslandet og Prestegardsmoen eit steinkast vekke.
Voss ungdomsskule arbeider aktivt for å sikre at alle elevar opplev meistring og læring kvar dag. I tillegg til skulen sin eigen gymsal har elevane tilgang til Vossabadet, friidrettsstadion, kunstgrasmatter og idrettshall. På sjølve skuleplassen disponerer elevar eit stort uteområde, med ulike sosiale soner, samt område for fysisk aktivitet.
Skulen tilbyr følgjande tilvalsfag: tysk, fransk, spansk, engelsk fordjupning og arbeidslivsfag.
Skulen tilbyr følgjande valfag: Friluftsliv, praktisk handverksfag, fysisk aktivitet og helse, produksjon for scene, design og redesign, innsats for andre, trafikk, spelpedagogikk og utvikling av produkt og tenester.
Satsingsområde i Vossaskulen
Vossaskulen arbeidar kontinuerleg med kvalitetsutvikling for å skapa gode tenester for elevane våre. Inneverande skuleår arbeidar me spesielt med læringsleiing, skulenærvær og å vera dysleksivennlege skular.
Voss ungdomsskule satsar på utvikling av nytt og spanande uteområde på skulen, og på eit inkluderande skulemiljø.
Informasjon om søknad til vidaregåande skule vår 2026
Viktige datoar:
2.februar: søknad Fortrinnsrett/individuell behandling
2.mars: Ordinærsøknad
1.mai- 30 juni: Du kan registrere førehandssvar på vigo.no
Slutten av mai: Eleva med fortrinnsrett får melding om inntak
1. juni: informasjonsskjema til vidaregåande skule for dei som ynskjer det.
7. juli: fyrste inntak
Nyttige nettsidar:
Her søkjer du: vigo.no
Her bestiller du Minid: Bestill Aktiveringsbrev for MinID-bruker
Informasjonssider:
Vestland fylkeskommune- søknad og inntak: Søknad og inntak til vidaregåande opplæring - Vestland fylkeskommune
Utanning.no: Forside | Utdanning.no
Vilbli.no: Videregående opplæring - vilbli.no
Voss gymnas: Voss gymnas
Voss vidaregåande skule: Voss vgs