Skulebyte

Elevar har rett til å gå på ein skule i nærmiljøet. Voss herad har gjennom “Forskrift om skulekrinsar i grunnskulen” politisk vedtak om skulekrins og inntaksområde. Det er folkeregistrert adresse som avgjer kva skule ein elev soknar til.   

Forskrift om skulekrinsar for grunnskulen, Voss herad, Vestland (gjeldande frå 01.08.2024)

I Opplæringslova (oppdatert 01.08.24) § 2-6 om kva grunnskule eleven skal gå på heiter det at: 

"Elevane har rett til å gå på ein skole i nærmiljøet. Kommunen kan gi forskrift om skolekrinsar. Ved tildeling av skoleplass og fastsetjing av forskrift om skolekrinsar skal kommunen leggje særleg vekt på kva skole som ligg nærst heimen. Kommunen kan også ta omsyn til topografi, trafikktilhøve og kapasiteten på skolane, og at barn i same nabolag skal få gå på same skole.  

Etter søknad kan eleven takast inn på ein annan skole enn den eleven har rett til å gå på."