SkulebyteNærskulen er i Voss kommune politisk definert gjennom "Lokalforskrift for ordninga med skuleområde". Denne forskrifta presenterer korleis Voss kommune praktiserer skuleinntak. Ny revidert forskrift vil koma for Voss herad, gjeldande frå hausten 2020. Eleven si folkeregistrerte adresse er utgangspunkt for inntaksområdet. Skulen som det vert sokna til vert eleven sin nærskule. Sist endra 17.12.2019 11.22 I Opplæringslova § 8-1 heiter det at «Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva for skole dei ulike områda i kommunen soknar til. Etter søknad kan eleven takast inn på annan skole enn den eleven soknar til.» Fylkesmannen har ved fleire tilfeller omtala det å gå på skule tilhøyrande krinsen ein bur i, til barn sitt beste. Dette omhandlar det å kunna sosialiserast med barn frå same skule, som sikrande for miljø i og utanfor skuletid. Inntaksområda i Voss kommune Kart over inntaksområda i Voss kommune. - Trykk på linken. - Skriv inn adresse i feltet øvst til venstre. - Trykk på "Sjekk flere kartlag", og vel "Skulekretser med navn". - Trykk på "Vis i kart". Kven kan søkje om skulebyte? Som hovudregel i Voss Herad går elevar på nærskulen jamf. "Lokalforskrift for ordninga med skuleområde". Fylgjande punkt kan likevel vere utslagsgjevande ved søknad om skulebyte: a) adresseendring. b) spesielle tilhøve (fysiske utfordringar, funksjonsnedsettingar). c) sakkunnig vurdering . d) gråsone-adresser (når gangbar avstand til ein annan skule enn nærskulen pr inntaksområde). e) saker knytt til Opplæringslova §9A. Ver merksam på at ved innsending av søknad om skulebyte, har søkjar allereie gjort eit val om å byte skule. Vedtak i saka tek stilling til kva skule eleven tek til, eller held fram ved. Ved innvilga søknad vil ikkje søkjar kunne velje mellom skulane. Valet er allereie gjort ved innsending av søknad. Du kan søkje om overflytting til annan skule i Voss herad her. Søknad skal leverast til noverande nærskule. Kva skjer når eg skifter adresse? Ved endring av folkeregistrert adresse skal det meldast flytting til den skulen som ny adresse krinsar til. Ein kan likevel søkje om framhald ved noverande skule, om a) flytting skjer etter 1.april. Då kan ein fullføre skuleåret ved skulen, og starte nytt år ved ny skule. b) ein er starta eller skal til i 7.trinn. Om det er ynskja, kan ein fullføret skulegang ved skulen. Du kan søkje om å halde fram ved same skule her. Søknad skal leverast til noverande nærskule. Framtidige planar om å skifte flytte, eller eit ynskje om å flytte til nytt bustadområde eller skulekrins, er ikkje sett som grunnlag for skulebyte. Om ein har dokumentert overtaking (eksempelvis datosett overtaking gjennom kontrakt) av framtidig folkeregistrert adresse, og flytting skjer innan inneverande skuleår, kan ein likevel søkje skulebyte. Du kan søkje om overflytting til annan skule i Voss herad her. Søknad skal leverast til noverande nærskule. Søknad om å halde fram ved same skule Du kan søkje om å halde fram ved same skule her. Søknad om overflytting til annan skule i Voss herad Du kan søkje om overflytting til annan skule i Voss herad her.