Skulefritidsordning (SFO)

SFO er eit frivillig aktivitetstilbod som vert gjeve ved alle barneskulane i Voss herad. Tilbodet gjeld for elevar i 1. - 4. trinn, og for born med nedsett funksjonsevne frå 1. - 7. trinn. Skulefritidsordninga  er eit tilbod før og etter skuletid, og skal vera ein trygg opphaldsstad for barna. Barna skal få omsorg og tilsyn, og det skal leggjast til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar. 

SFO-tilbodet er definert gjennom politisk sak, seinast vedteke 07. mai 2020, sak 44/20, og gjennom Forskrift om skulefritidsordning for grunnskulane, Voss herad, vedteken 13. juni 2024.

Søknadsfrist for SFO-plass er 1. mars. 

Det må søkjast om plass kvart år, og det er eigen skule som står for tildeling av plass. 

Søk/endre plass i SFO