Informasjon om skuleskyss

Elevar i grunnskulen kan ha rett på gratis skuleskyss. Les meir om kva retningslinjer som gjeld her.

Elevar som går i 1. klasse har rett på gratis skuleskyss dersom avstanden mellom heimen og skulen er over 2 km.

Elevar som går i 2. - 10. trinn har rett på gratis skuleskyss dersom avstanden mellom heimen og skulen er over 4 km.

Føresette melder då inn sitt behov for skuleskyss til skulen.  Elever som har lang skuleveg eller særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har som hovudregel ikkje rett til skyss til og frå SFO men vil ha rett til skyss dei dagane dei ikkje nyttar seg av et slikt tilbod.

Vilkår kan gjelde der elevar har vedtak om skuleplass på anna skule enn nærskulen.  
 

Rett til skuleskyss er regulert i opplæringslova § 4-1 og vert organisert av Vestland Fylkeskommune (Skyss). 


 

 

Nyttige lenkjer

Skole og trafikksikkerhet - Trygg Trafikk 

Rettleiar for skoleskyss i grunnskolen

Rettleiar og skjema

Klassifisering - særleg farleg eller vanskeleg skuleveg (PDF, 125 kB)