Nokon gonger har eit barn behov for meir tid og modning før dei startar på skulen. Då kan du søkja om utsett skulestart for barnet ditt. Det betyr skulestart det året barnet fyller sju år.
Barnet ditt har rett til utsett skulestart dersom det etter sakkunnig vurdering frå pedagogisk psykologisk teneste (PPT), er tvil om at barnet har kome tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starta på skulen, og at dette er det beste for barnet.
Vanlege moment å vurdera er barnet si modning, barnet sitt kognitive og språklege nivå, barnet si evne til sosial tilpassing og eventuelt andre særlege forhold som kan ha innverknad på barnet si utvikling.
Vurderinga skal òg beskriva eit, eventuelt, barnehagetilbod ved utsett skulestart, samanlikna med eit tilpassa opplæringstilbod i skulen. Moment som gruppestørrelse, aldersfordeling, opphaldstid og organisering av tilbodet, skal beskrivast.