Eldrelos

Kunne du tenkt deg å delta i eit fellesskap eller ein organisert aktivitet, men treng følge eller støtte for å koma i gang?

Voss har mange gode tilbod for seniorar som ynskjer å:

  • trimma
  • vera sosiale
  • læra noko nytt

Ein eldrelos kan hjelpa deg med å ta det første steget.

Kva gjer ein eldrelos?

Ein eldrelos kan:

  • følgja deg til og frå aktivitetar eller arrangement
  • vera med som støtte undervegs
  • motivera deg til vidare deltaking
  • hjelpa deg med å finna skyss-løysingar etter los-perioden

Slik fungerer det

  • Eldrelosen er med deg i inntil tre månader
  • Målet er at du skal bli sjølvgåande og trygg på å delta vidare på eiga hand
  • Dei fleste eldrelosar har bil og kan bidra med transport ved behov

Ta kontakt

Eldreloskoordinator: Liv Finne Nybø
Telefon: 918 74 219
Ring for å melda ditt behov eller for å få meir informasjon.