Tobakksfri - digitalt kurs for deg som vil slutte med røyk eller snus

Vil du slutte med røyk eller snus? Dette kurset hjelper deg å bli tobakksfri – saman med andre i same situasjon.

Kva lærer du?

  • Korleis førebu deg mentalt og praktisk på å slutte
  • Korleis handtere røyk- og snussug
  • Korleis halde deg tobakksfri over tid
  • Du får støtte og oppmuntring frå andre deltakarar

Kven passar kurset for?

Kurset passar for deg som:

  • vil slutte med røyk eller snus
  • ynskjer å dela erfaringar og få støtte og motivasjon frå andre
  • vil lære strategiar for å meistre røyk- eller snussug
  • ynskjer effektive tiltak for å handtera snus- eller røykesug

Slik er kurset lagt opp

  • Kurset går over seks digitale samlingar
  • Dei tre første samlingane handlar om førebuing
  • Du vel ein sluttdag midt i kurset
  • Dei tre siste samlingane gjev støtte og motivasjon etter sluttdagen
  • Kurset er eit samarbeid mellom fleire Frisklivssentralar i Vestland
  • Kurset er utvikla av Helsedirektoratet og basert på forsking og erfaring

Pris

Du finn prisoversikta her:

Prisoversikt

​Påmelding og oppstart

For å delta på kurs eller få oppfølging, må du først ha ein oppstartssamtale med frisklivskoordinator.
I samtalen finn me saman ut:

  • kva du treng og ynskjer
  • kva mål du har for livsstilen din
  • kva oppfølging som passar for deg

Etter samtalen vert det avgjort, i lag med deg, om du får tilbodet.

Kontakt oss

Telefon: 906 73 035 
E-post: friskliv@voss.herad.no

Du kan også lese meir hjå Rådet for psykisk helse: Rådet for psykisk helse