Opne gruppetilbod - fellesskap og aktivitet

Vil du vere med i ei gruppe der du kan oppleve støtte, meistring og fellesskap? Me tilbyr ulike gruppetilbod for deg som ønskjer å ta vare på eiga helse, vere i aktivitet eller møte andre i liknande situasjonar.

Kven passar gruppene for?

Gruppene passar både for deg som:

  • Har erfaringar med psykisk helse eller rus
  • Er pårørande til nokon som har slike erfaringar
  • Ynskjer å førebyggje utfordringar gjennom fellesskap og gode aktivitetar

Du treng ikkje henvisning for å bli med – berre ta kontakt!

Ta kontakt

Ring 480 14 570 for påmelding og meir informasjon om kva gruppetilbod som kan passa for deg.

Gruppetilbod 2025

Gruppetilbod 2025
Kva? Kvar? Når? Med kven?
Pårørandegruppe Oasen dagsenter Onsdag kl. 18 - 20 Torill og Nina
Ungdomsgruppe Oasen dagsenter Måndag kl. 15 - 18 Frøydis og Berit
Karatreff Voss bibliotek Torsdag kl. 11 - 12.30 Sølvi
Treningsgruppe MOVA Tysdag kl. 11 - 12 Sigurd, Ingrid og Christina
Treningsgruppe MOVA Torsdag kl. 11 - 12 Christina
Treningsgruppe MOVA Torsdag kl. 10.30 - 11.30 Frøydis
Treningsgruppe MOVA Fredag kl. 13 - 14.30 Sigurd og Ingrid
Symjegruppe Vossabadet Torsdag kl 13- 14 Torill og Trine