Kosthald og ernæringRiktig og god mat er viktig for helsa di – heile livet. Det påverkar korleis du veks, utviklar deg, og kor god livskvalitet du har. Sist endra 03.06.2025 09.14 Helsedirektoratet Generelle råd om mat og helseHelsedirektoratet rår folk flest til å ha eit variert kosthald og velje mest mogleg mat frå planteriket og ete med glede:grønsaker, frukt og bærgrovt brød og fullkornsproduktfisk og sjømatbønner og linsermjølk og meieriprodukt med mindre feittDrikk helst vatn og et minst mogleg bearbeidd kjøtt (som pølser og kjøttpålegg), godteri, snacks og søte bakevarer. Sjå etter Nøkkelhullsmerket når du handlar – det hjelper deg å velja sunnare mat. Du kan lesa meir om kostråda frå Helsedirektoratet her: Dette bør du spise - Helsedirektoratet Kva gjer ernæringsfysiologane?Kvam, Voss, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord kommune samarbeider om ernæring. Dei har kliniske ernæringsfysiologar som jobbar på tvers av kommunane. Ernæringsfysiologane:gjev råd og rettleiing til tilsette i helse- og omsorgstenesteneheld kurs om kosthald og helselagar rutinar for ernæringsarbeid i kommunanedeltek i felles prosjekt som handlar om kosthald og helse Er du med i eit lag eller ein organisasjon?Lag og organisasjonar kan be om undervisning om kosthald og helse, sjå kontaktinformasjon. Lenker til meir informasjonHelsedirektoratet sine kostråd (generelle og for ulike grupper)Kostverktøyet – støtte til endring i levevanar Lenker til filmarMeir energi og protein i maten Endre konsistens på matenErnæringsprodukt frå apotekWebinarserie om spesialkostLenker til brosjyrerHelsedirektoratet sine kostrådMat og måltid for spedbarn Oppskriftshefte til barnehagen MatpakkeKostråd til deg som et for liteKostråd ved kreftLenker til plakatarHelsedirektoratet sine kostrådMat og måltid i barnehagenMat og måltid i barneskulenMat og måltid i ungdomsskulenMat og måltid i vidaregåande skule