Råd og støtte heime - førebyggjande besøk
Alle som har fylt 80 år og ikkje har helse- og omsorgstenester frå kommunen, får tilbod om førebyggjande heimebesøk.
Kva skjer på heimebesøket?
Me tek utgangspunkt i helsa di, ressursane dine og kvardagen din. Du får råd og informasjon som kan hjelpa deg å halda deg frisk og bu trygt og sjølvstendig heime.
Besøket vert gjort av fysioterapeut, ergoterapeut og tilsette i heimetenesta.
Dette kan me snakka om:
- Korleis førebyggja fall og halda deg i aktivitet
- Tryggleik i heimen (til dømes brannvern og hjelpemiddel)
- Kommunale tenester og frivillige tilbod
- Fysisk og psykisk helse
Slik får du tilbodet
Du kan:
- ringa 952 62 004 og avtala besøk direkte med heimerehabiliteringsteamet
- vera med på førebyggjande samling (sjå informasjon under)
Begge tilboda er gratis.
Førebyggjande samling for 80-åringar
Ein gong i året inviterer kommunen alle som fyller 80 år til ei samling. Du vert kontakta på telefon av kommunen.
Her får du informasjon om:
- korleis du kan ta vare på helsa i kvardagen
- korleis du kan tilpassa bustaden din
- kommunale helsetenester og andre tilbod