Kva er Psykososial kriseoppfølging?
Alle som bur i kommunen, eller oppheld seg i kommunen får naudsynte psykososiale tiltak i krisesituasjonar. Enkeltpersonar eller grupper som har vore utsette for mogleg traumatiserande hendingar får tidleg hjelp til å kunne handtere akutte, psykologiske straksreaksjonar.
Oppfølginga startar så snart som mogleg etter ei hending, og seinast innan 12 timar etter at kommunen har fått melding. Tenesta har ikkje ein direkte akuttfunksjon, men vert aktivert tidleg i etterkant av ei krise.
Kva inneber oppfølginga?
- Psykisk fyrstehjelp
- Vurdereing av behov for vidare hjelp
- Formidling av kontakt med andre relevante tenester
- Praktisk støtte og informasjon i den første tida etter ei krise
Når blir tenesta sett i verk?
- Ulykker
- Brå og uventa dødsfall
- Valdshendingar
- Andre alvorlege hendingar som påverkar enkeltpersonar eller lokalsamfunn
Kven kan få hjelp?
Personar som er direkte råka, pårørande og andre som er sterkt berørte kan få hjelp.
Korleis får du kontakt?
Du kan ikkje kontakte kriseteamet direkte. Ved behov må du ta kontakt med:
- Politi: 02800 eller 112
- Legevakt: 116117
- AMK (ambulanse): 113
Desse instansane vurderer situasjonen og kallar ut kriseteamet ved behov.