Psykososialt kriseteam

Teamet gjev støtte og hjelp til personar som har opplevd ei dramatisk eller traumatisk hending, som ulukker, brå dødsfall eller vald.

Kva er Psykososialt kriseteam?

Psykososialt kriseteam skal sikre alle som bur i kommunen, eller andre som oppheld seg i kommunen, naudsynte psykososiale tiltak i krisesituasjonar. Gjennom tidleg hjelp skal psykososialt kriseteam bistå enkeltpersonar eller grupper som har vore utsett for mogleg traumatiserande hendingar til å kunne handtere akutte, psykologiske straksreaksjonar.

Kriseteamet skal ta kontakt med dei som er råka på eit tidleg tidspunkt, og seinast innan 12 timar etter at kriseteamleiinga er kontakta. Det vil seie at det psykososiale kriseteamet ikkje har ein direkte akuttfunksjon, men vert aktivert tidleg i etterkant av ei hending.

Kva gjer kriseteamet?

Kriseteamet:

  • Gjev psykisk fyrstehjelp
  • Vurderer kva hjelp du treng
  • Formidlar kontakt med andre tenester
  • Gjev praktisk støtte og informasjon i den første tida etter ei krise

Når blir kriseteamet kalla ut?

Teamet blir kalla ut ved:

  • Ulykker
  • Brå og uventa dødsfall
  • Valdshendingar
  • Andre alvorlege hendingar som påverkar enkeltpersonar eller lokalsamfunn

Kven kan få hjelp?

Personar som er direkte råka, pårørande og andre som er sterkt berørte kan få hjelp frå kriseteamet.

Korleis får du kontakt med kriseteamet?

Du kan ikkje kontakte kriseteamet direkte. Ved behov må du ta kontakt med:

  • Politi: 02800 eller 112
  • Legevakt: 116117
  • AMK (ambulanse): 113

Desse instansane vurderer situasjonen og kallar ut kriseteamet ved behov.