Strevar du med sinne eller vald?

For deg som strevar med sinne, sterke reaksjonar eller har gjort ting du angrar på.

Det kan vere vanskeleg å snakke om sinne og vald. Mange kjenner på skam eller uro for eigne reaksjonar. Du er ikkje åleine, og det finst hjelp.

 

Treng du hjelp?

For foreldre

Treng du nokon å snakke med?

 

Når bør du søkje hjelp?

Du bør søkje hjelp dersom:

  • sinnet ditt går utover andre
  • du har gjort nokon redd
  • du har brukt vald, eller er redd for å gjere det
  • du strevar med å stoppe deg sjølv i konfliktar

Det er ditt ansvar å stoppe vald, men du treng ikkje gjere det åleine.

Du kan kontakte:

  • fastlege
  • psykolog eller terapeut
  • sinne- og valdsmeistringstilbod
  • hjelpetelefon eller chatteteneste

 

Kva er sinne?

Sinne er ei naturleg kjensle. Det kan oppstå når du kjenner deg pressa, urettferdig behandla eller frustrert. Sinne kan vere nyttig, men dersom det ikkje blir handtert godt, kan det føre til skade for seg sjølv og andre.

 

Kva er vald?

Du brukar vald dersom du til dømes:

  • slår, dultar eller sparkar 
  • trugar eller skremmer
  • øydelegg ting eller slår i veggar
  • kontrollerer kven andre møter eller kva dei gjer
  • overvakar eller sjekkar mobilen deira
  • audmjukar, kritiserer eller krenkjer
  • pressar nokon til sex eller nærleik
  • hindrar tilgang til pengar eller ressursar

Vald kan vera både fysisk, psykisk, seksuell, materiell og digital.

 

Kjenner du deg att?

Mange som brukar vald ønskjer å stoppe, men får det ikkje til åleine. Det finst hjelp, og det er mogleg å få det betre, både for deg og dei rundt deg.

 

Kvifor oppstår vald?

Vald handlar ofte om vanskar med å handtere sterke kjensler. Årsaker kan vere:

  • stress og belastning over tid
  • tidlegare erfaringar med vald
  • manglande verktøy for å uttrykkje kjensler
  • rus eller psykiske vanskar

 

Kva kan hjelpe?

  1. Ta pause
    Gå vekk frå situasjonen før det eskalerer
  2. Ro ned kroppen
    Pust roleg og djupt, eller bruk fysisk aktivitet
  3. Set ord på kjenslene
    Forklar kva du kjenner, utan å angripe den andre
  4. Tenk alternativt
    Kva kan du gjere i staden for å reagere med sinne?
  5. Snakk med nokon
    Søk støtte