Uroa for vald mot sårbar vaksen?

Er du utsett for vald eller overgrep? 
Eller uroa for nokon du kjenner?

Ring oss på 476 78 465 
Måndag-fredag kl. 09.00-15.00
Ved akutt fare: ring politiet på 112

Kva kan du få hjelp til?

Du kan ta kontakt med oss dersom

  • du er utsett for vald, overgrep eller utnytting
  • du er uroa for at ein sårbar vaksen kan vere utsett for vald eller overgrep
  • du treng råd og rettleiing om kva du kan gjere vidare

Du treng ikkje vere sikker på at noko ulovleg har skjedd. Det er nok å vere uroa. Du treng heller ikkje tilvising. Det er berre å ta kontakt. Det viktigaste er at du seier frå, slik at du eller andre kan få hjelp.

Kven er tilbodet for?

Tilbodet er for:

  • sårbare vaksne som kan vere utsette for vald, overgrep eller utnytting
  • pårørande, vener, naboar eller andre som er uroa for nokon
  • fagpersonar som har bekymring for ein sårbar vaksen

Kva meiner me med sårbar vaksen? 

Med sårbar vaksen meiner me ein person over 18 år som, på grunn av helse, livssituasjon eller avhengnad av andre, kan vera ekstra utsett for vald, overgrep eller utnytting. Det kan til dømes vera personar som:

  • har funksjonsvariasjonar
  • kognitiv svikt eller demens
  • utfordringar med psykisk helse eller rus
  • er avhengige av hjelp frå andre i kvardagen
  • er utsette for press, kontroll eller utnytting

Når du ringer TryggEst Voss

  • ein fagperson svarar og lyttar til deg
  • me vurderer situasjonen og finn ut kva hjelp som trengst
  • du får tilpassa hjelp etter behov
     

Kva er vald og overgrep?

Vald og overgrep kan vere både fysisk, psykisk, seksuelt, økonomisk eller omsorgssvikt. Det kan også handle om trugsmål, kontroll eller utnytting. Les meir om dei ulike typane vald og overgrep under:

Om TryggEst teamet

TryggEst er eit tilbod for vaksne som er utsette for vald og overgrep. Me skal førebyggja, oppdaga og handtera slike situasjonar. Teamet vårt består av fagfolk med erfaring og kunnskap - og me er her for å hjelpa deg.

Andre hjelpetilbod

Last ned brosjyrer

Sjå video om TryggEst

Meir informasjon