Vald mot sårbare vaksne - få hjelp eller meld frå

Er du utsett for vald eller overgrep? 
Eller uroa for nokon du kjenner?

Ring oss på 476 78 465 
Måndag-fredag kl. 09.00-15.00
Ved akutt fare: ring politiet på 112

Kva hjelp kan du få?

Du kan få råd og rettleiing om kva du kan gjere vidare. Du treng ikkje vere sikker på at noko ulovleg har skjedd. Det er nok å vere uroa. Det viktigaste er at du seier frå, slik at du eller andre kan få hjelp.

Når du kontaktar TryggEst Voss:

  • ein fagperson svarar og lyttar til deg
  • me vurderer situasjonen og finn ut kva hjelp som trengst
  • du får tilpassa hjelp etter behov

 

Kven er tilbodet for?

For deg som er utsett for vald, overgrep eller utnytting

Du kan få hjelp dersom du:

  • er over 18 år
  • på grunn av helse, livssituasjon eller avhengnad av andre kan vere ekstra utsett
  • har funksjonsvariasjonar
  • har kognitiv svikt eller demens
  • har utfordringar med psykisk helse eller rus
  • er avhengig av hjelp frå andre i kvardagen
  • er utsett for press, kontroll eller utnytting

For deg som er uroa for andre

  • pårørande, ven, nabo eller andre som er uroa
  • fagpersonar som har bekymring for ein sårbar vaksen


 

Kva er vald og overgrep?

Vald og overgrep kan vere både fysisk, psykisk, seksuelt, økonomisk eller omsorgssvikt. Det kan også handle om trugsmål, kontroll eller utnytting. Les meir om dei ulike typane vald og overgrep under:

Om TryggEst teamet

TryggEst er eit tilbod for sårbare vaksne som er utsette for vald og overgrep. Målet er å førebyggje, oppdage og handtere slike situasjonar. Teamet består av fagpersonar med erfaring og kompetanse.

Andre hjelpetilbod

Last ned brosjyrer

Sjå video om TryggEst

Meir informasjon