BustadtilpassingEr du eldre og/eller har nedsett funksjonsevne? Me ser på kva løysing som kan vera aktuell for deg, i lag med deg. Ergoterapitenesta gjev råd og rettleiing om korleis bustaden din kan tilpassast.Kva kan me gjera for deg?Ein ergoterapeut kjem på besøk heim til deg og vurderer heimen din.Tekniske hjelpemiddel: Ergoterapitenesta samarbeider med Nav Hjelpemiddelsentral og kan bistå med søknad om lån av til dømes rampe, trappeheis, osv.Større ombyggingar: Ergoterapeuten formidlar kontakt med finansieringsordningar frå Husbanken og Nav.Du kan få tilskot til tilpassing både i eigd og leigd bustad. I leigebustad må huseigar godkjenna arbeidet som skal gjerast. Tilskot kan kombinerast med startlån og tilskot frå Hjelpemiddelsentralen (Nav).endra/betra tilkomst til bustadentilpassing/ombygging av rom - til dømes bad, der det må vera plass til rullestolarbeid/ombygging i samband med trappeheis Tilskot som er økonomisk behovsprøvd:Det skal alltid vurderast om det er mogleg å finansiere tilpassinga via eigne midlar eller banklån før ein vurderer tildeling av behovsprøvd tilskot.bustadtilskot til utgreiing og prosjektering (til leige av ekstern hjelp ved større og omfattande ombyggingar)tilskot til tilpassingtilskot til etablering Tilskot som ikkje er økonomisk behovprøvd:Nav Hjelpemiddelsentral kan gje tilskot til ombygging i staden for trappeheis, løfteplattform eller rampe. Ombygginga skal gje varig tilgjenge i eigen bustad. Kven kan få tilskot?Husstandar eller einskildpersonar som har behov for tilpassing av bustadBarnefamiliar har høg prioritetEldre som har behov for førebyggjande tilpassingstiltak Kva forventar me av deg?Dersom det er behov for større ombyggingar, har du sjølv/pårørande ansvar for å fylgja opp byggprosessen. Til dømes kontakta private byggfirma og fylla ut søknadar. Last ned brosjyra Funksjonell bustad heile livet! (PDF, 6 MB) Slik søkjer du Husstandar eller einskildpersonar som har behov for tilpassing av bustad og eldre som har behov for førebyggande tilpassingstiltak kan søkja. Barnefamiliar har høg prioritet.Ta kontakt med ergoterapeut i heradet. Ergoterapeut kjem på heimebesøk for å vurdera behovet.Ved større utbetring kan det vera behov for ein arkitekt eller liknande, du kan då søkja om tilskot til utgreiing og prosjektering frå Husbanken.Du må sjølv kontakta aktuelle entrepenørar og innhenta pristilbod. Dersom du ikkje har helse til å gjera dette arbeidet, må du leiga folk til det (kommunen kan ikkje ta på seg denne oppgåva).Når du har fått inn alle pristilbod søkjer du heradet om tilskot til tilpassing. Dersom du treng hjelp med utfylling kan sakshandsamar eller ergoterapeut hjelpa deg. Slik lastar du opp vedlegg til elektronisk søknad.Dette må du leggja ved søknaden:Skattemelding - du finn skattemeldinga di i innboksen i Altinn, den heiter "Skattemeldingen som dokumentasjon"Dokumentasjon på inntekt/trygd/pensjonDokumentasjon på inneståande i bank på søknadstidspunktAlle pristilbod på arbeidet som skal gjerastSlik behandlar me søknaden dinMe forsøker å gje deg svar innan 3 veker. Ved behov vert du kalla inn til samtale.Ergoterapeut vil delvis fylgja opp prosessen medan arbeidet pågår.Når arbeidet er ferdig vert tilskot utbetalt mot dokumentasjon på at arbeid er utført. Klage Etter Forvaltningslova §28 har du klagerett. Du kan klaga skriftleg 3 veker etter mottatt vedtak. Lover og reglar Forskrift om tilskot til tilpassing av bustad Meir informasjon på Nav sine siderØkonomisk gjeldsrågjevingØkonomisk sosialhjelpMidlertidig botilbud (nødssituasjon)Hjelpemidler og tilretteleggingTilskotsordning hjelpemiddelSøknadsskjema NavSosialhjelp (PDF, 284 kB)Sosialhjelp & sosiale tenester (PDF, 305 kB)Økonomisk gjeldsrådgjevingBustønad