Kommunal bustad

Leige av kommunal bustad er eit tidsavgrensa tilbod for innbyggjarar som ikkje klarar å skaffa eigna bustad sjølv eller med anna offentleg hjelp.

Kven passar tilbodet for?

Kommunal bustad er for deg som:

  • Ikkje kan skaffa deg bustad sjølv, eller har vanskar med å bu på eiga hand
  • Er utan eigen bustad
  • Står i fare for å miste bustaden du har
  • Bur i ein bustad eller eit bumiljø som ikkje er eigna
  • Er over 18 år
  • Har lovleg opphald i Noreg og fast adresse, eller har budd/opphaldt deg i Voss herad dei siste 6 månadane

Slik vurderer me søknaden din

Når du søkjer om kommunal bustad, vurderer me kven som treng hjelp mest.
Me innhentar informasjon frå andre instansar og kartlegg behovet ditt. 

Dersom du ikkje har bustad, og heradet ikkje har ledig kommunal bustad, vil Nav gje deg eit mellombels butilbod. 
Leir meir om dette her: Mellombels butilbod

Slik søkjer du

Dette må du legge ved søknaden:

Treng du hjelp til å fylle ut søknaden?
Kontakt sakshandsamar bustad.

Husleige

Husleiga vert fastsett etter bustaden sin standard, storleik og kva leigeprisen er på marknaden.
Meir informasjon finn du her: Informasjonsbrosjyre om betaling av husleige (PDF, 47 kB)

Treng du hjelp til å betala husleiga?

Du kan søkja om bustønad frå Husbanken.
Søknadsskjema finn du her: Søknad om bustønad

Treng du hjelp med økonomien?

Du kan søkja Nav Voss om økonomisk gjeldsrådgjeving. Tilbodet er gratis.
Søknadsskjema finn du her: Søknad om økonomisk gjeldsrådgjeving

 

Kontakt

Bustadkontor

Sakshandsamar bustad
Hjelp knytt til søknad og vedtak.
Telefon: 5555 3333
Måndag til fredag kl. 09.00-15.00

Utleigar bustad
Hjelp knytt til bustad og vaktmeister.
Telefon: 480 14 585
Måndag til fredag kl. 09.00-15.00

Sakshandsamar Startlån og tilskot
Hjelp knytt til søknad.
Telefon: 56 51 94 00
Måndag til fredag kl. 09.00-15.00

Postadresse: Voss tinghus
Uttrågata 9, Postboks 145
5701 Voss