DøgnrehabiliteringDøgnrehabilitering er for deg som treng trening og oppfølging i ein periode for å meistre kvardagen betre etter sjukdom eller ved nedsett funksjon. Sist endra 13.05.2026 13.55 Kva hjelp kan du få?På Hagahaugen får du hjelp til å trena opp funksjonsevna di, slik at du kan klara meir sjølv i kvardagen, i arbeid og i samfunnet. Tilbodet vert tilpassa deg og det du treng.Me lagar ein plan saman med deg og set mål for opphaldet, slik at du får best mogleg utbyte. Du får oppfølging gjennom heile rehabiliteringa, og me hjelper deg på vegen mot måla dine. For å få best resultat er det viktig at du er motivert, deltek aktivt og legg ned ein eigen innsats. Kven er tilbodet for?Tilbodet er for deg som:treng tverrfagleg rehabilitering med opphald (døgn) for å klara deg betre heimeer ferdig utgreidd og behandla hjå fastlege eller sjukehus, og treng rehabilitering etter sjukdom eller operasjonbur heime og har fått redusert funksjon over tidtreng intensiv trening og tett oppfølging frå fleire fagpersonarynskjer å trena deg opp og er motivert for rehabilitering Slik søkjer duDu finn informasjon om korleis du søkjer, og kva som skjer vidare her:Søk helse- og omsorgstenester Me søkjer etter flinke folkLedige stillingar innan helse og omsorgBli støttekontaktBli lærlingBli tilkallingsvikar