Eldrelos

Kunne du tenka deg å delta i eit felleskap eller ein organisert aktivitet, men treng følge eller støtte for å koma i gang? 

Voss har mange gode tilbod til seniorar som anten vil trimma, vera sosiale eller læra seg noko nytt.

Ein eldrelos kan til dømes:

  • Følga deg til og frå ynskt aktivitet / arrangement
  • Vera der som ei støtte undervegs viss behov
  • Støtta og motivera deg inn mot vidare deltaking
     

Eldrelosen er inne i biletet i maksimalt tre månader. Målet med ordninga er å gjera deg sjølvgåande inn mot deltaking på sikt. Om ynskjeleg kan eldrelosen også bidra med å finna skyss-løysingar for tida etter at los-perioden er over. 

Dei fleste av våre eldrelosar har bil.

Ta kontakt med eldreloskoordinator Liv Finne Nybø på telefon 918 74 219 for å melda ditt behov, eller om du vil ha meir informasjon.

 


 

Kontakt

Eldreloskoordinator
Liv Finne Nybø
Telefon 91 87 42 19