Kurs i belastningsmeistring for vaksne

Er du i ein vanskeleg periode? Er du pårørande til nokon som er alvorleg sjuk, eller har du ein krevjande jobb? Kurset i belastningsmeistring (KiB) kan hjelpe deg med å handtere belastningar i kvardagen – både på jobb og privat.

Kva handlar kurset om?

Kurset gir deg verktøy og teknikkar for å:

  • forstå og handtere stress og belastning
  • styrke meistringsevna di
  • få betre innsikt i eigne tankar og reaksjonar

Kva lærer du?

  • Korleis belastning påverkar deg fysisk, mentalt og følelsesmessig
  • Korleis du kan endre tankemønster og meistringsstil
  • Praktiske øvingar basert på kognitiv metode

Vanlege stressreaksjonar

Belastning kan opplevast ulikt frå person til person. Når belastninga blir for stor, kan det føre til stressreaksjonar:

  • Emosjonelle: Nedstemtheit, uro, irritabilitet, fråvær av glede
  • Fysiske: Søvnproblem, hovudverk, muskelspenningar, lite energi
  • Kognitive: Bekymringar, gløymsle, konsentrasjonsvanskar, håplause tankar

Kven passar kurset for?

Kurset passar for deg som:

  • opplever belastning i kvardagen
  • ønskjer å utvikle betre strategiar for å handtere stress
  • vil lære meir om samanhengen mellom tankar, kjensler og åtferd

Korleis er kurset lagt opp?

Illustrasjon: Ann Fiske, Rådet for psykisk helse
  • Kurset går over 10 veker
  • Éi samling i veka, 2,5 time kvar gong
  • Du får kursbok og jobbar med øvingar mellom samlingane
  • Kurset er utvikla av fagpersonar og byggjer på kognitiv teori
  • Det tek utgangspunkt i boka Kurs i mestring av belastning og vert distribuert av Rådet for psykisk helse

Pris

Du finn prisoversikta her:

Prisoversikt

​Påmelding og oppstart

For å delta på kurs eller få oppfølging, må du først ha ein oppstartssamtale med frisklivskoordinator.
I samtalen finn me saman ut:

  • kva du treng og ynskjer
  • kva mål du har for livsstilen din
  • kva oppfølging som passar for deg

Etter samtalen vert det avgjort, i lag med deg, om du får tilbodet.

Kontakt oss

Telefon: 906 73 035 
E-post: friskliv@voss.herad.no

Du kan også lese meir hjå Rådet for psykisk helse: Rådet for psykisk helse

​