Sov godt kurs for deg med søvnvanskar

Slit du med innsovning, uroleg søvn eller tidleg oppvaking? Kurset Sov godt gir deg kunnskap og verktøy for å forstå og forbetre søvnen din – utan bruk av medikament.

Kva handlar kurset om?

Kurset tek for seg:

  • Søvn og vanlege søvnvanskar
  • Søvnvanar og haldningar til søvn
  • Avslapningsteknikkar og stressreduksjon
  • Rettleiing og støtte i gruppe

Målet er at du skal få betre søvnkvalitet og kjenne deg meir fornøgd med søvnen din.

Kva bygger kurset på?

Kurset er basert på kognitiv åtferdsterapi for insomni (CBT-I) – ein metode som har vist seg å ha betre effekt enn sovemedisin, både på kort og lang sikt.
Metoden er trygg, utan biverknader, og gir varig betring for mange.

Kven passar kurset for?

Kurset er for deg som:

  • jamleg slit med søvnen
  • har insomni eller lettare søvnvanskar
  • ynskjer å sove betre utan bruk av medikament

Kurset er ikkje retta mot andre søvnforstyrringar eller søvnsjukdommar, men mange vil likevel ha nytte av det.

Kor lenge varer kurset?

  • 4 samlingar
  • 2 timar per gong

Pris

Du finn prisoversikta her:

Prisoversikt

​Påmelding og oppstart

For å delta på kurs eller få oppfølging, må du først ha ein oppstartssamtale med frisklivskoordinator.
I samtalen finn me saman ut:

  • kva du treng og ynskjer
  • kva mål du har for livsstilen din
  • kva oppfølging som passar for deg

Etter samtalen vert det avgjort, i lag med deg, om du får tilbodet.

Kontakt oss

Telefon: 906 73 035 
E-post: friskliv@voss.herad.no

Du kan også lese meir hjå Rådet for psykisk helse: Rådet for psykisk helse