MediYoga

Ynskjer du ein fredfull og enkel treningsform som kan hjelpe deg med å redusere stress? MediYoga er ei roleg og skånsam form for yoga som passar for dei fleste – også for deg med helseutfordringar.

Kva er MediYoga?

  • Ein medisinsk og terapeutisk yogaform
  • Basert på klinisk praksis og forsking
  • Kan gjerast liggande, sitjande, sakte eller aktivt – alt etter kva som passar deg

Kort sagt: Kan du pusta, kan du gjera MediYoga.

Kva er målet?

  • Redusere stress og uro
  • Betre balanse, bevegelegheit, styrke og kondisjon
  • Meir overskot og betre kvardag
  • Oppleva meistring og sosialt fellesskap

Kven passar tilbodet for?

  • For deg som ønskjer ein roleg treningsform med fokus på avspenning og stressreduksjon
  • For deg som vil ta vare på både kropp og sinn – uansett utgangspunkt

Kor lenge varer tilbodet?

  • Éi økt i veka
  • Varer i 1 time
  • Kurset går over 10 veker

Pris

Du finn prisoversikta her:

Prisoversikt

​Påmelding og oppstart

For å delta på kurs eller få oppfølging, må du først ha ein oppstartssamtale med frisklivskoordinator.
I samtalen finn me saman ut:

  • kva du treng og ynskjer
  • kva mål du har for livsstilen din
  • kva oppfølging som passar for deg

Etter samtalen vert det avgjort, i lag med deg, om du får tilbodet.

Kontakt oss

Telefon: 906 73 035 
E-post: friskliv@voss.herad.no

Du kan også lese meir hjå Rådet for psykisk helse: Rådet for psykisk helse