Utetrening

Vil du trene i frisk luft saman med andre? Utetrening er ei enkel og sosial treningsøkt med styrke og kondisjon – tilpassa nivået i gruppa.

Kva er utetrening?

  • Trening ute i naturen
  • Enkle øvingar med fokus på styrke og kondisjon
  • Tilpassa nivå – alle kan vere med

Kva er målet?

  • Betre kondisjon, styrke, balanse og bevegelegheit
  • Meir overskot i kvardagen
  • Oppleva meistring og fellesskap
  • Få inspirasjon til å halde fram med fysisk aktivitet etter kurset

 Kven passar tilbodet for?

  • For deg som ønskjer å kome i betre form saman med andre
  • For deg som likar å trene ute i frisk luft

Kor lenge varer tilbodet?

  • Trening to gonger i veka
  • Éi økt varer i 1 time
  • Kurset går over 8 veker

Pris

Du finn prisoversikta her:

Prisoversikt

​Påmelding og oppstart

For å delta på kurs eller få oppfølging, må du først ha ein oppstartssamtale med frisklivskoordinator.
I samtalen finn me saman ut:

  • kva du treng og ynskjer
  • kva mål du har for livsstilen din
  • kva oppfølging som passar for deg

Etter samtalen vert det avgjort, i lag med deg, om du får tilbodet.

Kontakt oss

Telefon: 906 73 035 
E-post: friskliv@voss.herad.no

Du kan også lese meir hjå Rådet for psykisk helse: Rådet for psykisk helse