Førebyggjande heimebesøk

Alle som er over 80 år, som ikkje mottek helse og omsorgsteneste frå kommunen, har tilbod om å få eit førebyggjande besøk i heimen. 

Du kan sjølv ta kontakt på telefon til 95262004 og tinga besøk i heimen direkte med heimerehabiliteringsteamet, eller venta på førebyggjande samling. Denne vert gjennomført ein gong i året, på hausten.

Begge tilboda er gratis. 

Førebyggjande heimebesøk

Det førebyggjande heimebesøket tek utgangspunkt i helsa di, ressursane dine, fysiske og sosiale aktivitetar. Tilbodet kan gje informasjon om korleis bevara helsa og moglegheit til å leva eit sjølvstendig liv. Heimebesøket vert gjennomført i samarbeid mellom fysioterapeut, ergoterapeut og heimetenestene. 
 

Tema som ofte vert gjennomgått i besøka er til dømes:

  • Fallførebyggjing og trening
  • Tryggleik i bustad (branntryggleik, hjelpemiddel med meir)
  • Informasjon om kommunale teneste og frivillige tilbod
  • Fysisk og psykisk helse

 

Førebyggjande samling 80 år

Ein gong i året inviterer helse og omsorg alle innbyggjarar som har fylt 80 år til ei førebyggjande samling. Føremålet med samlinga er å få ut informasjon om viktige førebyggjande grep du sjølv kan gjera i kvardagen for eiga helse, og informasjon om tiltak knytt til bustad og liknande. Det vert og gjeve informasjon om helsetenester i kommunen. 


Alle som fyller 80 år det året og som ikkje mottek helse og omsorgstenester frå kommunen, vil få ein telefon ifrå ein representant frå kommunen med invitasjon til denne samlinga. 
 

 

 

​​

Kontakt

Heimerehabiliteringsteam i ergo- og fysioterapiavdelinga
Telefon 95 26 20 04