Parkeringsløyve for forflytningshemmaEr du bilførar eller passasjer og har særlege problem med å bevega deg over lengre strekningar, kan du søkja om parkeringsløyve for forflytningshemma. Sist endra 11.02.2025 12.47 Det er to grunnvilkår som begge må vera oppfylte for at ein søknad om parkeringsløyve kan verta innvilga:Du kan ikkje gå i det heile, eller har store vanskar med å bevega deg over noko lengd.Du må ha særleg behov for parkeringslette på konkrete stader. Den som søkjer om parkeringsløyve som passasjer må i tillegg ha behov for regelmessig tilsyn utanfor bilen.Det er ikkje nok å peika på ein sjukdomstilstand som avgrensar evna til å forflytta seg. I tillegg må du grunngje kvifor det vanlege parkeringstilbodet på ein eller fleire stader ikkje er tilstrekkeleg til å dekkja behovet ditt. Gje så presise adresser som mogleg. Problem med å bera varer er i seg sjølv ikkje god nok grunn til å få parkeringsløyve. Parkeringsløyve er ikkje meint som ei økonomisk støtteordning.Løyvet er eit personleg parkeringskort som gjev deg rett til parkering på merka parkeringsplassar.Kortet gjeld i heile Noreg og skal plasserast bak frontruta, med framsida godt synleg.Kortet gjeld òg i heile Europa, men då etter reglane til kvart land.Løyvet gjeld vanlegvis for 2-5 år.Dersom du ynskjer å fornya parkeringsløyvet ditt må du senda ny søknad og legeerklæring. Søknadskjema: parkeringsløyve for forflytningshemma Parkeringsløyve for institusjonInstitusjonar som transporterer forflytningshemma brukarar kan òg søkja om parkeringsløyve. Les meir om parkeringsløyve for institusjon her.