Parkeringsløyve for institusjon

Institusjonar som transporterer forflytningshemma brukarar kan søkja om parkeringsløyve.

Det er tre grunnvilkår som må vera oppfylte for at ein søknad om parkeringsløyve kan bli innvilga:

  • Løyvet kan berre bli tildelt ein «institusjon» 
    Om verksemda er ein institusjon vert dokumentert gjennom søkaren si forklaring og beskriving av verksemda i søknadsskjemaet. I tillegg vil organisasjonsnummer støtta opp under dette. Det er viktig å beskriva organisasjonen og kva brukarar verksemda har. Forståinga institusjon vert tolka nokså vidt, eksempelvis kan både sjukeheimar, barnehagar og skular med forflytningshemma brukarar søka.

 

  • Institusjonen må transportera forflytningshemma brukarar 
    Det er viktig å beskriva kva brukargruppe institusjonen har, òg kortfatta informasjon om diagnosar eller forflytningsutfordringar For at vilkåret skal kunna reknast som oppfylt bør ein òg beskriva i kva samanhengar det er behov for transport og parkering. Forskrifta krev ikkje at institusjonen skal sannsynleggjera eit behov for parkering, men det må sannsynleggjerast at transport av forflytningshemma brukarar finn stad. Eventuell dokumentasjon kan letta behandlinga av søknaden.

 

  • Transporten må skje med spesialinnreia motorvogn 
    Transporten må skje med motorvogn som er spesialinnreia for føremålet, eksempelvis bil utstyrt med rullestolheis eller rampe for rullestol. Det er eit krav at institusjonen disponerer motorvogna.

 

Vedlegg til søknaden

Legg gjerne ved dokumentasjon på transport til gitte stader/gjeremål og informasjon om hyppigheita av slik transport; kopi av faste avtalar på opptrenings-/rehabiliteringsstader/ medisinsk behandling/trening/ fysioterapi osb.

Legg òg ved dokumentasjon på at den aktuelle bilen er spesialinnreia, t.d. bilete.
 

Kva kommune skal søknaden sendast til?

Søknaden skal sendast til kommunen institusjonen er lokalisert i. Til Voss herad kan ein senda søknaden per post til:

Voss herad
Postboks 146
5701 Voss

eller levera den på Tinghuset.

 

Her kan du lasta ned søknadskjema:

Søknadskjema: parkeringsløyve for institusjon (PDF, 120 kB)

 

Venta saksbehandlingstid

Søknaden vil normalt vera ferdig behandla innan tre veker. Ved manglande dokumentasjon eller eventuell klage på avslag må ein rekna med lengre saksbehandlingstid hjå klagenemnda.

 

Kontakt

Voss Parkering
E-post
Telefon 92 44 55 39
Sekretær for tildelingsnemnda for parkeringsløyve
Kari Trana
E-post
Telefon 95 26 20 59