Augeblikkeleg hjelp - kortvarig sjukeheimsopphaldEr du over 18 år og har ein kjend diagnose eller kronisk sjukdom? Då kan du få eit kortvarig opphald med augeblikkeleg hjelp – utan å bli innlagd på sjukehus. Sist endra 23.06.2025 13.38 Kva får du hjelp med?Du kan få opphald i inntil tre døgn for behandling og observasjon dersom du har behov for rask helsehjelp, men ikkje treng innleggelse på sjukehus.Under opphaldet får du:Behandling og oppfølging av kjende diagnosarObservasjon og vurdering av helsetilstandTilgang til lege kvar dagOppfølging av sjukepleiar gjennom heile opphaldetDersom det er behov for meir omfattande undersøkingar, samarbeider vi med sjukehuset.Slik søkjer duDu treng tilvising frå ein av desse:Fastlegen dinLegevaktaLover og reglarForskrift om øyeblikkelig hjelp døgntilbud