Dagtilbod - psykisk helseOasen aktivitetssenter er ein møteplass og eit lågterskeltilbod for deg som har psykiske utfordringar – anten dei er kortvarige, langvarige eller kroniske.Kva skjer på aktivitetssenteret?Hjå oss får du ein strukturert og meiningsfull kvardag. Me har mange ulike aktivitetar og kjekke gjeremål gjennom dagen. Døme på aktivitetar:rulling av dukarljosstøyping, toving, smykkelagingmatlaging og felles måltidsamvær med andretrim, turar og treningsgrupperspelkulturelle arrangementDu kan også få individuelle samtalar med ein tilsett dersom du ynskjer det.Ein gong i månaden har me allmøte, der du kan ta opp det du har på hjartet – stort eller smått.Sal av produkt og tenesterMe tilbyr:rulling av dukar til ein rimeleg prissal av heimelaga produkt som:ljossåpersmå strikkeproduktKorleis delta i tilbodet?Du kan berre stikka innom i 1. etasje på Knutepunktet (inngang på baksida) eller ringja oss.Velkomen innom!Følg ossHald deg oppdatert på aktivitetar og nyheiter via vår Facebookside.