Ope dagtilbod - psykisk helse

Har du behov for ein trygg stad å vera i kvardagen? Oasen aktivitetssenter er eit ope dagtilbod, berre stikk innom eller ring oss.

Kva skjer på Oasen?

Hjå oss får du ein strukturert og meiningsfull kvardag. Me har mange ulike aktivitetar og kjekke gjeremål gjennom dagen. 

Døme på aktivitetar:

  • rulling av dukar
  • ljosstøyping, toving, smykkelaging
  • matlaging og felles måltid
  • samvær med andre
  • trim, turar og treningsgrupper
  • spel
  • kulturelle arrangement

Du kan òg få individuelle samtalar med ein tilsett dersom du ynskjer det.
Ein gong i månaden har me allmøte, der du kan ta opp det du har på hjartet – stort eller smått.

Kven passar tilbodet for?

Tilbodet passar for deg som kjenner på psykiske utfordringar i kvardagen, anten dei er kortvarige, langvarige eller kroniske. Du treng ikkje tilvising.

Sal av produkt og tenester

Me tilbyr:

  • rulling av dukar til ein rimeleg pris
  • sal av heimelaga produkt som:
    • ljos
    • såper
    • små strikkeprodukt

Korleis blir du med?

Du kan berre stikka innom i 1. etasje på Knutepunktet (inngang på baksida) eller ringja oss.
Velkomen innom!

Følg oss

Hald deg oppdatert på aktivitetar og nyheiter via vår Facebook-side.

Kontakt

Oasen aktivitetssenter
Avdeling for psykisk helse og rus
Telefon 96 09 77 36

Adresse

Knutepunktet Voss, 1. etg.
Gurid Almenningens plass 1
5704 Voss

Opningstid

Måndag - Fredag kl. 10.00 – 15.00