Rådgjevande eining for russaker

Rådgjevande eining for russaker er eit kommunalt tilbod for personar som har fått pålegg frå politiet om samtale og/eller testing i samband med bruk av rusmiddel.

Kva skjer når du blir kalla inn?

  • Du får eit skriftleg innkallingsbrev frå rådgjevande eining
  • Du blir innkalla til samtale og/eller testing
  • Dersom du ønskjer det, kan du få tilbod om helsehjelp og vidare oppfølging
  • Tilbodet er frivillig, men pålegg frå politiet skal følgjast opp

Kven samarbeidar me med?

Rådgjevande eining samarbeidar med Politiet på Voss etter eigne retningslinjer for:

  • samtale og rådgjeving
  • rusmiddeltesting

Kven er me?

Rådgjevande eining for russaker er ein del av avdeling for psykisk helse og rusarbeid i kommunen.

Lover og forskrifter

Frå 1. juli 2022 er alle kommunar pålagt å ha ei rådgjevande eining for russaker. Dette er ein del av regjeringa si rusreform.

Kontakt

Rådgjevande eining for russaker
Telefon 48 01 45 70

Telefontid

Alle dagar kl. 08.00-21.00