Førebyggjande heimebesøk

Alle over 80 år som ikkje får helse- og omsorgstenester frå kommunen, får tilbod om eit førebyggjande heimebesøk.

Kva skjer under heimebesøket?

  • Heimebesøket tek utgangspunkt i helsa di, ressursane dine, fysiske og sosiale aktivitetar
  • Du får informasjon om korleis du kan ta vare på helsa og leva eit sjølvstendig liv.
  • Besøket blir gjennomført av fysioterapeut, ergoterapeut og heimetenestene.

Tema som ofte blir tatt opp:

  • Fallførebygging og trening
  • Tryggleik i bustaden (t.d. brannvern og hjelpemiddel)
  • Kommunale tenester og frivillige tilbod
  • Fysisk og psykisk helse

Slik får du tilbodet

Du kan:

  • Ringa 952 62 004 og avtala besøk direkte med heimerehabiliteringsteamet
  • Delta på førebyggjande samling (sjå meir informasjon under)

Begge tilboda er gratis.

Førebyggjande samling for 80-åringar

Ein gong i året inviterer kommunen alle som fyller 80 år til ei samling.
Her får du informasjon om:

  • Korleis ta vare på helsa di i kvardagen
  • Tilrettelegging av bustad
  • Kommunale helsetenester og andre tilbod

Du får invitasjon på telefon frå ein representant i kommunen dersom du fyller 80 år det året og ikkje får helse- og omsorgstenester frå kommunen.

 

Kontakt

Heimerehabiliteringsteam
Avdeling for fysio- og ergoterapi
Telefon 95 26 20 04