Heimerehabilitering

Har du vore sjuk, skada deg eller vore innlagd på sjukehus? Treng du hjelp for å koma deg i form igjen? Då kan heimerehabilitering vera noko for deg.

Kva er heimerehabilitering?

Heimerehabilitering er eit tilbod for deg som treng hjelp til å koma deg etter sjukdom, skade eller sjukehusopphald. Me kjem heim til deg og hjelper deg med å trena på det du treng for å klara deg best mogleg i kvardagen. Målet er at du skal kunna bu heime og leva eit sjølvstendig og aktivt liv.

Kva hjelp kan du få?

Saman med deg lagar me ein plan som passar dine mål og behov. Du får hjelp frå eit tverrfagleg team, som kan bestå av:

  • fysioterapeut
  • ergoterapeut

Me hjelper deg med å trena på daglege gjeremål som er viktig for deg. Me gjev også råd om hjelpemiddel og tilrettelegging i heimen.

Kven passar tilbodet for?

Tilbodet passar for deg som:

  • har behov for rehabilitering etter sjukdom, skade eller sjukehusopphald
  • kan delta aktivt i eiga trening og oppfølging

Ta kontakt

Du kan ta direkte kontakt med Heimerehabiliteringsteamet.
Telefon: 95 26 20 04