Granvin sjukeheim og omsorgsbustadar

Granvin sjukeheim ligg fint til ved Granvinsfjorden, omgjeven av Mælandshagen. Her har du gode turmoglegheiter og tilgang til el-sykkel med plass til passasjer. All mat blir laga på eige kjøken, ofte med lokale råvarer.

Open besøkstid

Eidesvegen 24, 5736 Granvin
Telefon: 40 40 38 81
E-post: postmottak@voss.herad.no

Drive av Voss herad.

Avdelingar

  • Sjukeheimsavdeling med 12 rom
  • 20 omsorgsbustadar

Du kan bu hjå oss for ein kort periode eller over lengre tid, avhengig av behovet ditt.

 

Tilbod for bebuarar og heimebuande

  • El-sykkel: Turar saman med personalet
  • Kulturelle aktivitetar: Varierte tilbod gjennom året
  • Frisør: Ope kvar måndag (du betalar sjølv)
  • Fotterapeut: Tilbod for bebuarar og heimebuande (du betalar sjølv)
  • Kantine i Mælandshagen: Sosial møteplass for bebuarar og besøkande
  • Dagaktivitetstilbod: For heimebuande (to dagar i veka)
  • Middag levert heim: For heimebuande som ønskjer varm mat
  • Prest: Tilgjengeleg for samtale og andakt
  • Sansehage: Eit roleg uteområde for opplevingar og trivsel

 

 

Prisar for mat frå kantina

Prisar for mat frå kantina
MatPris (2026)
Lunsj40 kr
Frukost/Kvelds63 kr
Heilpensjon210 kr
Middag (heimlevering)115 kr
Graut (heimlevering)63 kr