Støtte til veteranar og pårørande

Har du spørsmål om veterantenester, rettar eller oppfylging? Veterankontakten er eit tilbod for deg som er veteran, og for deg som er pårørande til ein veteran.

Kva hjelp kan du få?

Veterankontakten kan hjelpa deg med:

  • informasjon om tenester, rettar og støtteordningar
  • råd om kva slags oppfylging som finst i heradet
  • vidare rettleiing til rett instans viss du treng meir støtte
  • å vera eit trygt og lågterskel kontaktpunkt for spørsmål om veterantilbod

Kven passar tilbodet for?

Dette tilbodet er for:

  • alle som har tenestegjort som veteran
  • pårørande til veteranar
  • andre som har spørsmål eller ynskjer meir kunnskap om veteranarbeid i heradet

Slik får du hjelp

Du kan ta direkte kontakt med veterankontakten:

Telefon: 900 43 429 
E-post: Brian.L.Ostebrot@voss.herad.no
Ikkje send sensitive opplysningar på e-post.